Foto: Visit Fjordkysten

Velkomen til Sognefjordfestivalen!

Den 25. juni 2022 vert Sognefjordfestivalen arrangert for første gang i Leirvik i Hyllestad. På denne dagen ved inngangen til ferien for mange, ynskjer me alle velkomen til mange kjekke aktivitetar både i Leirvik og andre stader i Hyllestad, god mat og ikkje minst sosialt samvær på brygga ved Hotel Sognefjord i Leirvik. Eit besøk på festivalen vil være interessant og hyggeleg for born i alle aldrar, for alle som er interessert i fritidsaktivitetar knytta til fjordane og fjella, og som er interessert i kva Leirvik og Hyllestad har å by på både av aktivitetar, servicetilbod og spennande arbeidsplassar.

NB! Denne sida vil verte oppdatert fram til festivaldagen.

Program for dagen

  • Kl 12.00 Velkomen og kort introduksjon v/Sognefjord Boating og Hotel Sognefjord
  • Kl 12.10 Åpning v/ordfører Kjell Eide
  • Kl 12.20 Praktisk informasjon om dagen 
  • Kl 12.30 Aktiviteter startar,  sal av grillmat og drikke på brygga
  • Kl 13.00 Trekkspelduoen WeM spelar på brygga (vil spele utover dagen)
  • Kl 13.00 Guida familietur på nye stiar i Leirvik v/Leirvik Grendalag
  • Kl 13.00 Guida tur til Sørefjordhytta evt Hesjetinden – dagsturhytta i Hyllestad v/Mona Birkeland
  • Kl 13.00 Diskgolf-turneringa starter v/Jarle Løland, Haukås Diskgolfbane
  • Kl 14.00 Ope hus hos lokale bedrifter
  • Kl 17.00 Aktivitetar og uteservering avsluttast
  • Kl 17.00 Kåring av vinnar av diskgolfturneringa
  • Kl 19.00 Servering av middag “Havets bord” på Hotel Sognefjord
  • Kl 21.00 Fjordfest m/Johnny Bee på Hotel Sognefjord

Aktivitetar og deltakarar

Sognefjord Boating

  • Gratis vannscootertur eller båttur (som passasjer) med guide eller
  • Prøv ein vannscooter for kr 200,- for 15 min med guide. NB! Krav om båtførerbevis eller at du er født før 1980. For førehandspåmelding klikk her.
  • Festivalrabatt og markering av selskapets 10-års jubileum: Bestiller du dagsleige eller lengre denne dagen vil du få 15 % rabatt
  • Fleksileige: Betal lavsesongspris for ei veke og bruk dei sju dagane i løpet av to år
  • Er du ein av dei som har hatt lyst på ein vannscootertur, men som aldri har fått sjansen? Kan du ikkje køyre sjølv, kan du få ein gratis prøvetur som passasjer bak ein av våre guidar. Vi har tørrdrakter, vestar som du kan låne, men ta gjerne med badetøy og eiga våtdrakt viss du har.
  • Sjå meir informasjon her om vannscooterutleige, vannscootersafari og båtutleige.

Hotel Sognefjord

  • Lån ein SUP eller prøv ein el-sykkel
  • Middag (havets bord buffet): Sjøkreps, blåskjell, reker, røykelaks, varmrøykt laks, samt østers og hjerteskjel (viss leveranse er mogleg). Pris kr 345,- per person
  • Fjordfest med Johnny Bee: Pris kr 150,- per person (aldersgrense 18 år)
  • For påmelding til middagen eller fjordfesten eller begge, send epost med navn og talet på personar til post@hotelsognefjord.no
  • Stand Up Paddle (SUP) har på kort tid blitt svært populært i Norge, og ikkje utan grunn! Denne dagen kan du få prøve ein SUP gratis. Ta med badetøy og våtdrakt om du har. Me har nokre drakter og vestar. El-syklar har også vorte populært dei siste åra, og denne dagen kan du få prøve ein gratis hjå Hotel Sognefjord som til vanleg leiger ut både el-syklar og SUP-brett.
  • For meir informasjon om Hotel Sognefjord klikk her.

Leirvik Grendalag, LivOGLyst BØFJORDEN

  • Tur på nye stiar i Leirvik
  • Tur til grillhytta på Panorama
  • Andre spennande aktivitetar: Prøv ein Veltepetter med NAF, hesteridning med Indrefjord Gard, Trekkspelmusikk med Duoen WeM, lynlotteri, mv. 
  • Bli med Leirvik grendalag på tur på nye turstiar i Leirvik, og på tur til den nye grillhytta på Panorama.
  • For meir informasjon om Leirvik Grendalag klikk her.

 

NAF Veltepetter

  • Norsk Automobilforbund (NAF) stiller på festivalen med en Veltepetter som publikum kan få teste ut
  • Sjå video med Veltepetter her.
  • For meir informasjon om NAF klikk her.

Duoen WeM

  • Duoen WeM med Wenche og Malvin spelar blanding av country og gammaldans frå klokka 13.00 og utover.
  • For meir informasjon om Duoen WeM klikk her.

Haukås Diskgolfbane

  • Frå Kl 13.00 og utover denne dagen vert det arrangert ei uformell turnering på Haukås Diskgolfbane. For førehandspåmelding klikk her.
  • Diskgolfbana på Haukåsen i Hyllestad har 10 Hol av varierande vanskelegheitsgrad og lengde. Utkasta er bygd i tre og er toppa med kunstgras.
  • Bana er åpen for alle og er til vanleg gratis å bruke. Utlånsdiskar vil være tilgjengelig på staden og parkering er rett ved hol 1.
  • For meir informasjon om Haukås Diskgolfbane klikk her.

 

Birkeland Camping og «På tur med Mona»

  • Guida tur til Sørefjordhytta – dagsturhytta i Hyllestad eller Hesjetinden. For førehandspåmelding klikk her.
  • Bli med Mona Birkeland på guida tur til Sørefjordhytta – dagsturhytta i Hyllestad, og evt vidare til Hesjetinden. Begge turmåla har spektakulær utsikt mot Sognefjorden, Lifjorden, Åfjorden og ikkje minst Sørefjorden som namnet til hytta er henta frå. Møt opp i Leirvik kl 12, så vert det informasjon og felles avreise derifrå under leiing av Mona.
  • For meir informasjon om Birkeland Camping klikk her og «På tur med Mona» her.

 

Indrefjord Gard

  • Korte rideturar i vogn eller sal i sentrumsområdet i Leirvik.
  • Indrefjord Gard driv næring med utgangspunkt i vårt ressursgrunnlag. Vi er godkjent Inn På Tunet tilbyder, godkjent Hestevirksomheit og følger KSL standarden for internkontroll. Vi er også godkjent lærebedrift i anlegg- og bergfag.
  • Kjernevirksomheit er mjølk og kjøtproduksjon, aktivitetar og oppdrag med hest samt anleggs- og annleggsgartnerteneste.
  • For meir informasjon om Indrefjord Gard klikk her.

 

Stene Båtservice

  • Informasjonsstand på brygga der du kan treffe Tore Stene og lære om tenestene Stene Båtservice på Sørbøvåg utfører
  • Stene Båtservice held til på Sørbøvåg i Hyllestad og driv med det meste innan fritidsbåtar. Alt innan skade på skrog, service på påhengsmotorar, vannscooter etc., opptrekking av båtar innvendig, montering av diverse utstyr, f.eks. montering av baugpropell, sal av båtutstyr, sal av motordeler Volvo, Mercruiser og Yanmar.
  • Verksemda har nyleg sett opp ein flott verkstadhall på Sørbøvåg, og er i gang med arbeid der.
  • For meir informasjon om Stene Båtservice, klikk her.

Sognefjorden Fiske & Fritid

  • Prøv ein kano eller kajakk gratis
  • Informasjonsstand
  • Verksemda sel mellom anna kraftblokker, kanoar, kajakkar, El-syklar, garn, liner og teiner.
  • Utfører service, vårpuss og reparasjon (glassfiberstøping) på båter opp til 19 fot m/motor maks 50 hk påhengsmotor med sjøsettingsrampe midt i sentrum av Leirvik.
     

 

 

Leirvik Senter

  • Open dag med lokale bedrifter frå kl 14
  • I samband med open dag spanderer Leirvik Utleigebygg kaffi og kaker til dei som vil ta turen inno
  • Erna’s Frisørstove vil ha gode tilbud heile dagen (sjå under)
  • Bunnpris
  • Søstrene Lavik (sjå under)
  • Helges Spekemat (sjå under)
  • Eviny og Akvahub (sjå under)
  • Elevar frå 8 klasse ved Hyllestad Ungdomsskule sel toalettpapir og tørkerull. Inntekta går til skuletur for tematur til aktiv fredsreiser. 

Ernas Frisørstove

  • Ope kl 9 – 16 laurdag 25. juni
  • Gratis fargespray og lett styling på håret til alle born frå kl 14-16!
  • 30-års jubileum med mange gode prisar: I august er det 30 år sidan Erna Braastad opna salongen i Leirvik. Hanne Haukøy Bosdal byrja å jobbe der nokre år etter. Dette vert markert under Sognefjordfestivalen 25. juni.
  • For meir informasjon om Ernas Frisørstove, sjå Instagram eller Facebook.
  • Velkomen innom!

Søstrene Lavik

  • Ope under Sognefjordfestivalen
  • Kle, sko, mv. Vi har med oss en nydeleg sommarkolleksjon.
  • Stativ med tilbudsvarer
  • -25% på alle sko
  • Alle som handlar hos oss får trekke eit lodd og kan vinne fine premiar.

    Åpningstider i helga:
    Fredag kl.12-17
    Lørdag kl.11-16

  • For meir informasjon om Søstrene Lavik, klikk her.
  • Hjertelig velkommen innom til oss❤️

Helges Spekemat

  • Sal av spekemat under festivalen utanfor Leirvik Senter
  • Hos Helges Spekemat får du alle dei tradisjonelle spekeprodukta som nordmenn har ete gjennom generasjonar.
  • For meir informasjon om Helges Spekemat, produkt og prisar, klikk her.

Eviny Solutions og Eviny Elektrifisering

  • Opent lokale frå kl 14 under Sognefjordfestivalen
  • Hovudsetet til Eviny Solutions si havbrukssatsing finn du i Leirvik. Selskapet leverer mellom anna rådgiving og teknisk support på optimalisering av energibruk, prosjektering samt bygging og montering av elektriske anlegg. For meir informasjon om Eviny Solutions klikk her.
  • Eviny Elektrifisering leverer mobile energiløysingar til bygg- og anleggsplassar, festivalar og arrangement. Dei vil hjelpe med å finne dei beste, rimelegaste og raskaste alternativa for ditt prosjekt. For meir informasjon om Eviny Elektrifisering klikk her.

Akvahub AS

  • Opent lokale frå kl 14 under Sognefjordfestivalen
  • Akvahub AS tilbyr eigarar og samarbeidspartnarar kompetanse og nettverk innan forsking, utvikling og innovasjon med berekraft som grunnpilar.
  • Vi held til i kontorlokale på Leirvik Senter der vi deler kontor med fleire havbruksbedrifter
  • For meir informasjon om Akvahub kan de besøke www.akvahub.no

Hyllestad Røde Kors

Meir informasjon

Hyllestad er ein spennande reiselivsdestinasjon på kysten av Sogn og ved starten av Sognefjorden som kan by på hytteliv, båtsport, fiske og naturopplevingar, spektakulære fjellturar i havgapet, vannscootersafari med guide, kajakk, SUP og mykje meir. Leirvik kan tilby ei flott gjestehamn, marina, daglegvare og andre butikkar, Hotel Sognefjord med mat og drikke, overnatting og aktivitetar, og ikkje minst spennande bedrifter innan akvakultur, teknologi og industri.

Initiativtakar er Sognefjord Boating AS, eit lokalt reiselivsselskap som i år markerer sine første 10-år i drift og kontinuerleg utvikling. Selskapet leiger ut båtar og vannscootarar, og tilbyr i tillegg vannscootersafari med guide. Sognefjord Boating har eit samarbeid med Hotel Sognefjord i Leirvik, og er saman med Hotel Sognefjord og Leirvik Grendalag hovedarrangørar.

Utgangshavn Leirvik